Det kan vere mange årsaker til at du vil undersøke auga ved Havblikk Optikk, og vi ser på alle.

image.jpg

Undersøk synet

Synet er vår viktigaste sans. Lat ein optikar undersøke synet ditt med jamne mellomrom, då kan du unngå problem med synet og augehelsa di.

Synsundersøkinga startar alltid med ein samtale om deg og synet ditt. Optikaren vil så gjere mange ulike målingar avhengig av kva ein vil undersøke. Det kan vere ei generell synsundersøking av brillestyrke, samsyn og augehelse, eller ei undersøking for kontaktlinser. Optikarene hos Havblikk har også kompetanse på barn og syn, og vurderer tørre auge. Kanskje treng du ei undersøking i samband med førarkort, eller lurer på om dei har fått ein augesjukdom. Det kan vere mange årsaker til å undersøke auga ved Havblikk Optikk, og vi ser på alle.

Generell synsundersøking

Undersøking av synet ditt startar alltid med ein samtale om korleis du opplever synet ditt i ulike situasjonar. Så måler vi kva du ser med og utan brilleglas på avstand og nær. Optikaren undersøker også samsynet ditt, altså kor godt augene jobbar saman. Det er rutine å sjå på hornhinna og på augebotnen, og frå ein viss alder blir augetrykket målt. Enkelte ganger måler vi synsfeltet. Etter ei undersøking hos optikar er augehelsa di godt vurdert.

Om optikaren meiner at noko er unormalt med auga dine og du treng å bli undersøkt av augelege, vil du bli tilvist dit av optikar.

Undersøking for kontaktlinser

Om du vurderer kontaktlinser for første gong eller treng ein ny type kontaktlinser, vil optikarane våre kunne hjelpe deg med det. Hos Havblikk optikk har optikarane lang erfaring med dei fleste typer kontaktlinser og tilpasser linser for alle synsfeil. Vi tilpasser også spesial linser og har kompetanse for å bremse nærsyntutvikling hos barn (myopikontroll), dette kan vere både daglinser og nattlinser.

Dei som bruker linser har større sjanse for å få infeksjonar og det kan skje endringar i auga. Å ta faste kontrollar hos optikar reduserer denne risikoen.

Kor ofte bør du ta synsundersøking?

  • Pasientar opp til 18 år utan behov for briller eller samsynsproblem - 2 år mellom kvar undersøking.

  • Pasientar opp til 18 år med behov for briller eller med samsynsproblem - 1 år mellom kvar undersøking.

  • Pasientar mellom 18 og 40 år med og utan behov for briller eller samsynsproblem - 3 år mellom kvar undersøking.

  • Pasientar mellom 40 og 65 år med og utan behov for briller, feil eller samsynsproblem - 2 år mellom kvar undersøking.

  • Pasientar over 65 år med og utan behov for briller, feil eller samsynsproblem - 1 år mellom kvar undersøking.

Dette gjeld generellt. Optikaren kan avtale andre intervall enn dette dersom det er noko som bør bli følgt tettare.